Trygg rådgiving gjennom heile gründerreisa

Sidan starten av Drøs i 2015 har Bonolo Ramphomane-Aandahl hatt Suldal Økonomi og Rådgiving med på laget. Ho set særleg pris på den nære oppfølginga,
Bonolo Ramphomane-Aandahl

Som gründer og eigar av kafeen Drøs, harBonolo Ramphomane-Aandahl samarbeidd med Suldal Økonomi og Rådgiving sidan starten i 2015. Ho har hatt same rådgjevar som har følgt utviklinga av bedrifta.

– Me har jobba med Astrid i alle år, men rådgjevarane speler på kvarandre. Om ikkje Sveinung kan svara, så veit Ola det– og omvendt. Me får heile pakken, seier ho.

At rådgjevarar med ulik spisskompetanse kan spela på kvarandre, er ein klar styrke, meiner gründeren.

– Dersom det gjeld aksjekapital, emisjonareller nye eigarskap, kan eg få råd. Andre gonger kan det vera haste saker. Egfår alltid svar uansett, seier Ramphomane-Aandahl.

Når regelverket blir meir og meir komplekst, set gründeren pris på økonomirådgjevarar på laget som forenklar kvardagen.

– Det er mykje tryggleik i å ha nokon som gjer ting skikkeleg. Det styrkar bedrifta, seier ho.

Undervegs har Ramphomane-Aandahl aldri vurdert nokon andre.

– Har ikkje tenkt på det eingong. Det er lokalt, og me har nære relasjonar. Du blir ikkje ein av ein million kundar, og det tette forholdet er veldig verdifullt for oss.

Foto: Lise Bjelland
Tekst: Hanna Maria van Zijp, Omega 365 Design AS

Ta kontakt:

No items found.
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.