
Andreas Askø (24) har allereie drive for seg sjølv i fem år. Då landbruksmekanikaren byrja å få oppdrag som tenåring, starta han Askø maskinservice. Askø fekk etter kvart mykje å gjera – og fann ut at han trengte nokon til å ta hand om rekneskapet. Han høyrde rundt, og blei anbefalt Suldal Økonomi og Rådgiving.
– Eg har drive sjølv i tre år på fulltid, etter to år på hobbybasis. Det gjekk frå ti oppdrag i månaden til 50. Eg prøvde å ta rekneskapen sjølv, men fann raskt ut at dersom eg skulle halda fram med det, kom eg til å gå på ein smell, seier Askø.
For Askø handlar det om å bruka tida rett, og løysa oppdrag for eigne kundar. Det er viktigare enn nokon gong. Etter kvart som Askø har utvida, har Suldal Økonomi og Rådgiving følgt med. Nå har nemleg sambuaren og han tatt over garden hennar. – Dei er veldig positive. Det er aldri noko problem, og har alltid vore veldig greitt, seier Askø, som aldri har møtt rådgjevarane fysisk, men snakkar ofte med rådgjevaren sin.
Livet som bonde og mekanikar er mildt sagt hektisk. Derfor treng han svar kjapt.
– Eg er veldig fan av å ringja, og eg ringer rett til Lena – ho svarer alltid. Eller så tar me eit Teams-møte.
Dei har vist meg rekneskapsprogrammet, og gått gjennom korleis det ligg an, og kva ein bør gjera annleis.

Visste du at kundane våre ikkje treng å vera lokale for å få tett og personlig oppfølging frå oss?Andreas er eit godt døme på korleis me kan følgja opp kundar uavhengig av kvar dei held til. Med digitale løysingar som Teams og telefon er hjelpa aldri langt unna!