Bli kjent med oss!
Me er eit autorisert rekneskapskontor med brei kompetanse og erfaring. Suldal Økonomi leverer tenester innan økonomi og rådgiving til over 350 landbruks- og forretningskundar i og utanfor Suldal kommune. Trivsel og godt humør pregar heile organisasjonen og vårt arbeid skal bygga på kompetanse, tillit og omsorg for kunden.
Me tilbyr alle tenester innan økonomisk og rekneskapsfagleg rådgjeving. Me er 1 sprudlande tilsette som har fagkompetanse innafor mange ulike næringar, og som gjerne vil vere din faste rådgjevar i økonomiske spørsmål.
Våre kunder er hjarteleg velkomne innom kontorlokala våre på Sand i Suldal, men me tar gjerne og eit besøk ut til deg og di bedrift, eller held kontakt via digitale flater.
Ta gjerne kontakt for ein uformell prat om di bedrift og kva behov du har for rådgjeving og rekneskapsføring!