
25 år med tal og tillit
Gjennom 25 år har Suldal Økonomi & Rådgiving AS utvikla seg i takt med både kundane og tida.
– Drivkrafta er å skape resultat for kunden, samstundes som me tek vare på dei som jobbar her, seier dagleg leiar Sveinung Skjerahaug.
Han og kollega Ola Jelsa snakkar seg varme om kva rolle rekneskapsføraren skal spele i 2026, kva som er viktig for å sikre eit godt arbeidsmiljø, og ikkje minst kva som er målet framover – både for selskapet og for kundane. 4. april markerer selskapet 25 år i bransjen. Samstundes er våren den travlaste tida for dei 13 tilsette, med årsoppgjer for omlag 450 kundar som skal i hamn. Det er likevel ikkje stress som pregar kontoret til Skjerahaug, der den mosegrøne sofaen inviterer til gode samtalar.
– Det er travelt, men me tek oss likevel tid til å ha det kjekt, trur eg, seier Skjerahaug og kikkar bort på kollegaen, som nikkar.
For å lette på trykket i travle vårmånadar leiger selskapet inn ein trenar for gjengen ein gong i veka. Når presset er stort, er det viktig å få strekt på kroppen og ta seg ein velfortent pustepause. For gjengen som sit i ein lang gang med cellekontor på rekke og rad, er òg dei faste pausane klokka ni og to viktige faglege og sosiale treffpunkt.
– Det er nesten berre kundebesøk som er gyldig grunn til å ikkje kome ut av kontoret då, seier Skjerahaug.
Kvart år reiser dei på firmatur, der dei kombinerer sosialt samvær med strategisk arbeid for året som kjem. Nyleg har dei òg måla kontorlokala i varme tonar. Alt handlar om trivsel. Skjerahaug er ikkje i tvil om at det løner seg å ta godt vare på dei tilsette.
– Trivst folk på jobb, aukar òg effektiviteten. Det er dei tilsette som eig bedrifta, Det gir eit sterkt eigarskap til selskapet, og eg trur det er ein fordel at me ikkje har avdelingar eller ein fjern eigar. Det er oss her på kontoret det handlar om – og det er fint, seier Skjerahaug.
Han deler det administrative arbeidet med nestleiar Lena Thjømøe Steine. Saman utgjer dei ei leiargruppe som kan tenkje langsiktig i lag med dei tilsette og styret.

Jobben som rekneskapsførar er i endring. I dag er investeringsråd og fagleg kunnskap om korleis bedrifter kan oppnå vekst og utvikling langt viktigare enn punching av billag. Suldal Økonomi & Rådgiving har difor investert i kompetanseheving dei siste åra for å sikre at dei er relevante som leverandør i marknaden. Alle er no sertifiserte rådgjevarar frå Rekneskap Norge.
– For oss er det viktig å vere gode rådgjevarar som er tett på kunden. Nokre gonger tek me kontakt dersom me ser avvik eller noko som bør endrast. Andre gonger er det kunden som ringer oss, seier Jelsa, som har vore med sidan oppstarten og kjenner utviklinga i bransjen som si eiga bukselomme.
– Eg synest det er spesielt givande å jobbe med dei som slit økonomisk, og å få dei på beina igjen. Eg likar dette puslespelet der ein bryt alt opp for å finne ut kva ein kan gjere noko med. Klarer ein det, får folk ein heilt ny kvardag.
Kundemassen har òg endra seg. Landbruket er framleis viktig, men i dag omfattar porteføljen alt frå kraftverk, handverkarar, reiseliv, fiske, butikkar og transportnæring til små og mellomstore bedrifter i dei fleste bransjar.
– Landbruket er ein mindre del enn før, men samstundes har det blitt meir komplekst. Investeringane er større, og behovet for god rådgjeving er viktigare enn nokon gong, seier Skjerahaug.
Han fortel at det no kjem kundar frå heile landet. Rekneskapsbyrået treng ikkje vere lokalt for å gjere ein god jobb. Kundar frå andre regionar er og med på å halde oppe viktige arbeidsplassar i Suldal.
– Sjølv om me er opptekne av å vere tilgjengelege, kan me òg vere det digitalt, meiner han.
For Suldal Økonomi & Rådgiving er det viktig å skape tillit. Ein kjem tett på både sorger og gleder hos kundane når ein arbeider med rekneskapen deira. I ei tid der mange bankar er blitt meir distanserte, har rolla som rådgjevar berre vakse i rekneskapsbransjen.
– Folk kjem til oss med alt mogleg. Då må dei stole på oss, og me må kunne setje oss inn i kvardagen deira. Eg er imponert over den flotte gjengen me har her. Det er ikkje vanskeleg å rekruttere dyktige folk når me treng det. Det seier òg mykje at gjennomsnittleg ansiennitet er om lag 16 år, seier Skjerahaug.
Kulturen på kontoret ber og preg av opne dører og kort veg mellom kunde og rådgjevar.
– Det er viktig at me ikkje er strenge på at alle samtalar må avtalast på førehand. Har du møte med ein av kollegaene våre, kan du raskt få ein prat med andre dersom det er behov. Det er viktig at ein kan stikke innom kvarandre, meiner Jelsa, og legg vekt på at dette er ein sentral del av bedriftskulturen.
Skjerahaug tok over som dagleg leiar i 2012 saman med Tone Merete Hustveit som nestleiar. Eit par år før flytta han frå Stavanger og heim til Erfjord, og jobbintervjuet til leiarstillinga i Suldal var av det uformelle slaget.
– Eg hadde jo jobba her ei stund, men hadde aldri drøymt om at det skulle gå så raskt å bli leiar.
Ein god kollega stod nemleg i døra hans og spurde om han kunne tenkje seg å ta over, sidan Ola Jelsa hadde sagt at han kunne tenkje seg å gi stafettpinnen vidare.
– Eg hugsar det godt. Det var ein onsdag. Eg takka ja til utfordringa, og ho sprang vidare til Ola med beskjed. Dermed var det bestemt. Verre var det ikkje, seier Skjerahaug og ler.
– Det var heilt rett å gjere på den tida. Det var kjekt å få inn yngre krefter. Å vere dagleg leiar i eit slikt selskap er ofte ei rolle i skvis. Ein er ikkje stor nok til at det er ei rein administrativ stilling, samstundes som ein skal handtere forventningar frå både kundar og tilsette.
Heilt sidan oppstarten har selskapet arbeidd med fireårsplanar med tydelege mål. Eitt av måla har vore å bygge ei relevant bedrift der minst 50 prosent av dei tilsette er statsautoriserte rekneskapsrådgjevarar.

– Det er viktig å spå litt om korleis framtida blir. Det gir oss ei tydeleg retning å jobbe vidare i, seier Skjerahaug, som òg skryt av dei eksterne kreftene i styret, med styreleiar Odd Magne Hetlelid i spissen.
– Dei kan stille heilt andre spørsmål til meg som dagleg leiar, og det er bra.
– Me har kundar og andre eksterne med relevant kompetanse i styret for å få friske auge på utfordringane våre. Det er viktig med folk som kan kome med nye løysingar, seier Jelsa.
– Korleis ser marknaden ut om fire år?
– Ha! Då er eg snart pensjonist, seier Jelsa og kikkar spøkefullt bort på kollegaen.
– Eg trur me har kome endå lenger i digitaliseringa av bransjen, og kanskje fått endå fleire – og gjerne nokre større – kundar.
– Kva med kunstig intelligens – er det ein trussel eller ein fordel?
– Sjølve jobben vår blir meir og meir automatisert. Kunstig intelligens kan bidra med å lage rapportar og sjå samanhengar i tala, men me vil alltid trenge eit menneske som rådgjevar, seier Skjerahaug.
Jelsa er samd.
– Det som manglar i kunstig intelligens, er den gode, gamle magekjensla som fortel deg at noko er gale. Kunstig intelligens kan berre gi deg tommel opp eller ned. Det er ikkje nok.
Historia til Suldal Økonomi & Rådgiving starta lenge før aksjeselskapet vart stifta i 2001. På 1960-talet kom omsetningsavgifta, og både bedrifter og bønder fekk behov for hjelp med rekneskapen. På den tida var kommunekasserarjobben i Suldal ei deltidsstilling, og det vart foreslått å kombinere desse rollene.
– Det varte ikkje lenge før ein såg at det ikkje gjekk. Då vart det etablert eit rekneskapslag, der målet ikkje var overskot, men å levere tenester til kostpris. Etter kvart kom behovet for å bygge eigenkapital og tenkje meir kommersielt, seier Jelsa.
I 1990 vart Jelsa, som då var heiltidsbonde, spurd om han kunne hjelpe til i rekneskapslaget i det travle årsoppgjeret.
– Eg syntest det var så kjekt at eg blei verande, seier han og ler.
Han meiner det var eit stort steg då ideen om aksjeselskap kom. Medlemmene i det gamle rekneskapslaget – altså kundane – fekk tilbod om å teikne aksjar, og det same fekk dei tilsette. Samstundes behaldt det gamle laget 33 prosent eigarskap for å ha kontroll på vedtektsendringar.
– På den tida var landbruket den klart største kundegruppa. Men me hadde òg tømrarar, lastebileigarar og handverkarar. Lokale bankar hadde òg rekneskapstilbod, og mange butikkar brukte dei.
Jelsa mimrar om ei tid med fire tilsette fordelt på to årsverk, og der dei måtte dele på éin PC.
– Me investerte 40 000 kroner i ein PC og ein laserprinter. Det var mykje pengar, seier han.
– Det var ambisjonar om vekst den gongen òg, ikkje minst fordi me såg kor sårbare me var med så få på jobb. Eg trur ingen av oss hadde våga å tenkje at me skulle bli så store som i dag.
Fakta om Suldal Økonomi & Rådgiving AS
13 tilsette
Omsette i 2025 for 12 778 000 kroner
Dagleg leiar gjennom tidene:
2012 – Dd. Sveinung Skjerahaug
2004 -2012 Ola Jelsa
2004 – Anne Kjærsti Bendiksen
2001 – 2004 Arne Steinbru

Tekst: Omega 365 Design AS
Foto: Omega 365 Design AS ved Hanna Maria Van Zijp