Velkommen til Suldal Økonomi sine heimesider.

Suldal Økonomi er eit autorisert rekneskapskontor med ni tilsette. Kontorlokala våre er plassert på kaien på Sand. Me utfører økonomitenester for til saman ca. 290 landbruks og forretningskunder i og utanfor Suldal Kommune. Vårt arbeid skal bygga på kompetanse, tillit og omsorg for kunden.

Ordinære opningstider er frå kl.09:00 til kl.14:30 mandag til fredag.

God Sommar
 
 
Grunna ferieavvikling held
kontoret stengt mellom
  22.juli og 02.august.
 
 
 
 
 

Fakturabedrageri
 
Mange firma driv med sal av ulike internettbaserte oppføringar for firma. Desverre er det mange useriøse firma i denne bransjen. Dette er svært skadeleg både for dei som driv seriøst og dei som blir lurt til å betala for noko som ikkje har verdi.
 
I desse dagar har fleire firma motteke brev frå foretaksportalen Norge. Dette brevet bør du kaste rett i bosset! Brevet har overskrifta "Offentliggjøring av foretak 2010 i foretaksportalen Norge", og ber mottakaren bekrefta og evt. korrigera opplysningane som er lista opp om firmaet. Les ein meir nøye står det også at ein ved å signere gir avsendaren fullmakt til dyr og langvarig annonsering i ein nettportal.
 
Les meir om fakturabedrageri:
Telemarksavisa

Suldal Økonomi veks

                      

Suldal Økonomi veks, og har på grunn av aukande oppdragsmengde nyleg tilsett to nye personar. Sveinung Skjerahaug er tilsett som rekneskapsførar frå hausten 2010. Sveinung er autorisert rekneskapsførar og pt. tilsett som dagleg leiar ved Time Rekneskapslag. Han kjem frå Erfjord, og kjem til å flytta heim med familien sin i løpet av hausten 2010.

Då Sveinung ikkje kan ta til i stillinga før til hausten har me tilsett Madli Ohaka for å hjelpa oss gjennom dette årsoppgjeret. Madli er frå Estland og har Master i økonomi frå Universitetet  i Tallinn. Ho er ein ihuga norgespatriot. Du vil nok både sjå og høyra henne, sidan arbeidsplassen hennar vil vera i resepsjonen.


Informasjon og spørjeskjema for 2009
Skjema for påføring av kontantsalg, spørjeskjema for landbrukskunder og informasjonsskriv er nå klart.
Du kan gjerne laste ned skjemaene frå heimesida, fylla dei ut og senda dei til din kontaktperson på e-post.
E-post adressa til din kontaktperson finn du her.
 
Sp¢rjeskjema landbruk.pdf
Informasjon 2009.pdf
Oversikt kassasalg 2009.xls

Årsoppgjer for rekneskapsåret 2009

Årsoppgjeret er i gong og det vil mange dagar vera folk på kontoret på ettermiddag og kveldar ut over ordinære opningstider. Sentralbordet er betjent frå 09.00 til 14.30, men du når oss på direktenummera også utanom opningstida. Direktenummeret og e-post adressa til din kontaktperson finn du her.

Spørjeskjema for landbrukskunder for 2009 og skjema for påføring av kontantsalg vert lagt ut på heimesida så fort dei er klar.

Registrer deg gjerne som brukar på heimesida vår. Her vil me legga ut informasjon som kan vera nyttig for deg som kunde.


Eldre nyhende
Kunder som har registrert seg med brukarnamn og passord på nettsidene våre kan finna eldre nyhende i arkivet under kundesidene. Er du ikkje registrert som brukar kan du gjera det her.

 



Suldal Økonomi og Rådgiving AS
Verven 1
Postboks 54
4239 SAND
Tel. 52 79 05 30
Fax 52 79 05 31

post@suldalokonomi.no
 

 
 

 
ColumbiWeb - Copyright © 2006 Daldata As            Grafisk Design: Haakensveen Grafiske