Rekneskapsføringa har dei siste åra hatt ei stor endring både når det gjeld elektronisk rapportering og meir omfattande krav frå offentlege styremakter. Det har ført til at stadig færre ønsker å utføra rekneskapsarbeidet sjølv. Me har stort fokus på kompetanse og brukar vesentlege ressursar på kontinuerlig oppdatering og utviding av kunnskapen til våre tilsette. Dette for å kunne gi deg som kunde tenester med høg kvalitet og ein god oversikt over din økonomi.
Verksemder me fører rekneskap for pr. i dag:
* Handel og industri
* Transport
* Reiseliv
* Andre servicenæringar
* Kraftverk
* Landbruk
* Lag og foreningar
* Tidsavgrensa prosjekt
Rekneskapstenester me utfører:
* Ordinær bokføring og avstemming
* Remittering (bokføring av inngåande faktura før betaling og overføring av betalingsdata direkte til din bank)
* Rapportering etter lovkrav og ønsker frå kunden
* Elektronisk overføring av mva-oppgåver
* Årsavslutning med overføring til skatteetaten og evt.rekneskapsregisteret i Brønnøysund
* Hjelp ved rapportering til andre, t.d. styret
* Oppsett av utkast til årsmelding frå styret for aksjeselskap
Vårt kontor brukar økonomisystemet
Duett og
Finale til årsavslutning og rapportering