Skybasert rekneskap

Gjennom våre rekneskapsprogramleverandørar Duett og Tripletex får du digital tilgang og full kontroll over rekneskapen din. Me jobbar tett med deg som kunde, og du kan heile tida sjå oppdatert rekneskap i skya di. Dette gir oss også eit betre grunnlag for å kunne vere gode rådgjevarar undervegs.

Via den skybaserte rekneskapen kan du som kunde ha kontoret med deg heile dagen, gjennom app som er lett å laste ned på mobilen. Dermed har du full kontroll på rekneskapen også når du er ute på byggeplassen, i frisørsalongen eller i traktoren.

Dette forenklar både rekneskapsføring, fakturering og omdisponeringar i budsjettet. Det er enkelt å oppdage og ikkje minst gjere endringar som trengs for å auke lønnsemda i bedrifta. Du får meir tid til å gjere andre oppgåver og me får betre oversikt over kva moglegheiter du som bedrift har framover.

22/9/2020
Sveinung Skjerahaug
Dagleg leiar
Statsautorisert rekneskapsførar
Telefon
46537561sveinung@suldalokonomi.no
aktuelt
Me tar kontakt med deg
så snart som mogleg.
Takk! Meldinga er mottatt.
Det skjedde ein feil ved innsending. Prøv gjerne på nytt...
til toppen